Hardanger folkemusikksamling

Hardanger folkemusikksamling er eit regionalt arkiv for folkemusikk i Hardanger. Samlinga heldt til på Hardanger folkemuseum på Utne. Ei folkemusikksamling er viktig for å gjera folkemusikken og folkedansen tilgjengeleg for publikum. HFS samlar inn og tek vare på folkemusikk og folkedanstradisjonen i Hardanger, og formidlar kunnskap om denne tradisjonen til utøvarar og eit større publikum. Dette er eit naudsynt arbeid for at ikkje tradisjonane skal støva ned og døy ut.

 

HFS er eit samarbeidstiltak mellom Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Spelemannslaget Kvemmingen og Hordaland Ungdomslag. Samlinga vart skipa i 1984 etter vedtak i dei fire organisasjonane.

 

I samlinga fins det omlag 8000 enkeltkutt med folkemusikkopptak, samt video-opptak med folkedans.

 

Samlinga yter mellom anna tenester som gjeld:
- kopi av lydband
- utlån av dansevideoar
- utlån/kopi av bilete tilknytt folkemusikk og folkedans
- utlån/kopi av folkemusikklitteratur
- informasjon om folkemusikk

 

 To av fylkesmusikarane i Hordaland er tilsett i 25% stilling ved folkemusikksamlinga.




mail@hardanger.museum.no
Copyright © Hardanger folkemuseum 2002. All rights reserved.